TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar


NIGARDSBREEN
daglege breturar

(English here - Engelsk her)

BLÅIS - FAMILIETUR
1-1,5 time

Ein lett og triveleg tur som høver for alle frå 6 år og oppover. Ingen krav til deltakarane bortsett frå at dei må ha sko/støvlar med låge hælar, som joggesko etc. og klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts). Du betalar direkte til guiden på breen.
Sesong 4/7-21/8
Tid 11:30, 13:00 og 14:30
Krav min. 6 år, sko/støvlar med låge hælar, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Ved venstre brekanten min. 30 min. før turen startar. NB! Du bør ta båten minst 45 min. før start-tidspunkta.
Pris vaksne kr. 150.- / barn kr. 70.-
Billettar Hos breførar, ved start


 

BLÅISTUR
ca. 3 timar på isen

Dette er ikkje ein hard og kondisjonskrevjande blåistur sjølv om den går i litt vanskelegare delar av breen. Her kan du oppleve og utforske dei flottaste formasjonar og fargar i nedre delen av bretunga. Inkludert i prisen er komplett breutstyr samt brestøvlar for dei som ikkje har eigne turstøvlar. Ta med varme og vindtette klede, mat og drikke
30/5-4/9 kl. 12:15
4/7-28/8 kl. 10:15
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 400.- inkl. båttransport
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte
Som privattur min. 10 år.
1-3 pers: 1580,-
4-10 pers: 450,- p.p.

 

 

 

KORT BLÅISTUR
ca. 2 timar på isen
Ein kortare blåistur. Tilsvarar Blåistur når det gjeld krav til utstyr, alder og klede.
16/5-18/9 kl. 11:45
20/6-28/8 kl. 14:30
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 320.- inkl. båttransport
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte
Som privattur min. 8år.
1-3 pers: 1350,-
4-10 pers: 370,- p.p.

 

 

SPESIAL BLÅISTUR
(små grupper) ca. 5 timar på isen

Ynskjer du å oppleve ein meir krevjande bretur kan du bli med på ein lengre tur i blåisen på Nigardsbreen. I små grupper på maks. 6 personar får du prøve vanskeleg blåisvandring - og for dei som vil - isklatring på topptau.
Bli med på ei spanande utforsking av breens fargar og formasjonar, sprekkar og istårn utanfor dei mest brukte rutene. Ta med varme klede, vind/regntøy, lue og solbriller samt mat og drikke

Sesong 27/6-28/8
Tid Måndag, onsdag, fredag og laurdag kl. 10:30
Krav Min. 15 år. God fysisk form og varme klede
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret før kl. 10.00
Pris 610.- inkl. komplett bre-/klatreutstyr og båttransport
Billettar Breheimsenteret, før kl. 10.00
Som privattur
min 12 år.
1-3 pers. 2250.-
4-6 pers. 675.- p.p.