TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar

Blåe tonar under breen

Målsetjing
Musikkhelga "Blåe tonar under breen" er eit kulturarrangement med kvalitet. Som namnet seier er det den blå musikken med røter frå folkemusikk som skal vektleggast. Arrangementa skal fyrst og fremst innehalde musikk, men andre kunstnarlege ytringar skal også vektleggast. Alt som blir presentert skal vere ekte og av høg kvalitet.

Blåe tonar... har ikkje teke mål av seg til å bli stort. Heller ikkje vil du høyre ordet "festival" om Blåe tonar... Arrangementa skal vere små og intime, men kvaliteten skal vere tvillaus og merkbar. Vår vesle del av verda har musikalske røter som me er stolte av, og me skal vise at det finst slektskap mellom musikalske røter frå ulike stader.

Musikkhelga "Blåe tonar under breen" har komme i stand ut frå respekt og glede over songarven etter Ragnar Vigdal (1913-1991). Sogn og Fjordane Folkemusikklag har skipa til fleire sokalla Vigdal-symposium, der Vigdal sin song har vorte studert og lært vidare. "Blåe tonar under breen" vil ta Vigdal sin musikk vidare, og vise at det er slektskap mellom ulike musikalske ytringar.

Ragnar Vigdal voks opp i Vigdalen, ein sidedal til Jostedalen. Tradisjonen frå Hans Nielsen Hauge og Haugerørsla stod sterkt i bygda, og såleis fekk han Ragnar lære hundrevis av gamle religiøse folketonar frå foreldra sine, Klaus og Anna Vigdal. Som mest all anna folkesong, er songstilen frå Vigdalen merkt av ei mjuk og bøyeleg melodiline, med glidetonar, krullar og ekstra sløyfer i tonen - ein tonalitet som ikkje utan vidare kan passast inn i eit klassisk akkordsystem. Sermerkt for songstilen til Ragnar Vigdal var at tonane hadde serleg mykje utsmykking. Hjå han har ei tekststaving kanskje både fire og fem tonetrinn, noko han sjølv kalla krull, trinn eller bøyning. Ragnar Vigdal er noko av det mest internasjonale me har, oppsummerte Sondre Bratland etter symposiet i 2002. - Eg har høyrt tonane hans både i jødiske synagoger og på indiske gater. Kanskje det er eit døme på at nett det lokale og provinsielle er det ekte universelle? spurde Bratland til sist.

- Han Ragnar sa sjølv at han ofte tok nasen til hjelp for å få til dei 'skeive' mellomtonane, fortalde Asbjørg Ormberg med ei illustrerande naseskrukke midt i dei rikaste krullane. Ho la til at desse skeive tonane kan gjere det vanskeleg å få fat på om melodien går i dur eller moll - der somme høyrer molltonar, tykkjer andre at det går i dur. Og det er no med på å gjere det så vent.

Sermerket for musikkhelga "Blåe tonar under breen" skal vere ekte musikk. Musikk med røter hos vanlege folk.

Organisasjon
Dei som har teke initiativet og står bak arrangørfellesskapet er Absolute Blues og Erling Vigdal, Jostedal Hotell, Breheimsenteret, Jostedal Spel- og dansarlag, Jostedal bygdelag og Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Hovudelement
"Blåe tonar under breen" skal ha eitt stort arrangement kvart år i slutten av august, pluss eit litt mindre på seinvinter. Arrangementet skal innehalde flest mogeleg av desse elementa:

  • ungdomsmønstring: Unge musikarar slepp til fredag kveld, gjerne saman med etablerte og kjende.
  • Vigdalkonsert: Tradisjonell tolking møter nye musikalske uttrykk
  • stort kveldsarrangement: dei beste musikarane som er råd å få tak i, og som passar inn
  • kurs i Vigdal sin songkunst: nye songarar får innføring i tradisjonenk
  • kurs: unge får lære av dei erfarne
  • populærførelesingar: gjerne om musikktradisjonar
  • utstillingar: ulike aktuelle kunstutstillingar