TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar

FOR EI HELG!

Fredag kveld opna det heile på Breheimsenteret med ei føredrag av Cand.Philol og amanuensis i folkemusikkvitskap / etnomusikologi ved Universitetet i Bergen, Ingrid Gjertsen. Ho sette Ragnar Vigdal og tonane hans inn i ein større samanheng. Samstundes starta songkurset, som gjev deltakarane ei innføring i Ragnar Vigdal sin måte å synge dei gamle tonane på.

Så var det klart for tre band på Breheimsenteret. Fyrst ute var Funk Odyssey, eit Sogndalsband med musikk i grenselandet mellom jazz/funk og rock, nærast fusion. Svært unge og svært dyktige musikarar.
Etter dei kom gjengen frå Norsk Bluegrass Kommando. Og med Jan Flaaten og Bjørn Berge i kjempeform vart det livleg. Ikkje berre spelte dei bluegrass, dei kvidde seg ikkje for å dra til med både AC/DC og Motorhead. Kvelden vart avslutta med Bineri, eit Jostedalsband med tre svært unge og ein ikkje fullt så ung. Hardt og drivande godt, og det er ingen løyndom at både Berge og Flaaten sto og applauderte høglydt. Uttrykket fullt hus og stormande jubel er ein klisjè, men klisjèen er dekkande i dette tilfellet.

Laurdag opna med konsert på Breheimsenteret. Denne konserten synte at gamle folketonar ikkje tek skade av å få ny innpakning. Medan både Klaus Vigdal og Asbjørg Ormberg song Vigdal-songar uendeleg vakkert og gripande som den gamle meistaren gjorde det, tok Klaus og sonen Erling, saman med Arvid Elvekrok, Arve Lomheim, Asbjørn Handeland, Tor Magne Kvamsdal, Jan Rolf  og Pål Loftesnes tråden vidare, og drog på med moderne sound, og det let svært bra.
Til slutt kom så Knut Reiersrud, og trollband alle med fenomenalt gitarspel. Han får ein gitar til å likne på både hardingfele og langeleik, og utan å bremse går han rett over i amerikanske bluestonar.
Denne laurdagen vart ei stor oppleving for publikum, som var så mange at det var rett før dørane måtte stengast.

Laurdag kveld var det så Jostedal hotell som var arena. Knut Reiersrud spelte også eit sett der, og etter han kom eit av dei beste livebanda i landet, nemleg The Tramps. Irsk-inspirert musikk blanda med countrylåtar, utført av verkeleg dyktige musikarar med eit fantastisk trøkk og sann speleglede. Ikkje rart at salen kom i kok.

Og søndag avslutta Elias Akselsen Blåe tonar under breen 2004 med ein gripande vakker konsert.

Les meir om Blåe tonar....
Sjå bilete frå konsertane.....