TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar

Nigardsbreen er den flottaste breen i Noreg. Og det som er endå betre: ingen bre er så lett tilgjengeleg og så godt tilrettelagt for at du kan få oppleve spenninga og gleda ved å gå ein tur på ekte is.
Dei spektakulære formasjonane kan ta pusten frå deg, men samstundes er du heilt trygg saman med erfarne og dyktige guidar.

Jostedalen Breførarlag, som syter for at du kjem opp og ned av breen, består av NF-godkjende og internasjonalt godkjende bre-/fjellførarar og instruktørar, med stor lokalkjennskap og lang og allsidig røynsle frå tindefriluftsliv til alle årstider i inn- og utland.
Innehavarane av Breførarlaget er alle
internasjonalt godkjende tindevegleiarar.

Billettane til breturane kjøper du på Breheimsenteret. Der vil du få informasjon om kva du skal gjere for å få ein vellukka bretur. Lytt til det personalet fortel deg, så går turen smidig og fint.

Detaljert informasjon om dei turane du kan velje mellom finn du HER.

Det viktige er å vurdere kv du ynskjer. Har du med barn under 12 år må du velje FAMILIETUREN. Denne turen tek deg på ein times roleg tur på isen, med enkle stegjarn, innbunden i tau.

Er barna over 12 år, og ynskjer litt meir action, vel du KORT BLÅISVANDRING. Då får du fullt profesjonelt utstyr, med isøks, stegjarn, sele og hanskar. Og turen tek litt lengre tid, ca. to timar på isen.

Og endå betre innblikk i breen får du ved å velje BLÅISVANDRING. Den tek ca. tre timar på isen, og tek det inn i det absolutt mest spennande partiet av breen, med tårn og djupe sprekker.

Alle desse turane er opplagde slik at du er attende til bussen set kursen mot Sogndal att.